Følg oss på FACEBOOK for oppdatert informasjon.

TV Nordhordland vert relansert til våren!

christer steffensen

Saman for Lindås: ÅRETS HIT!

Dette vert årets HIT i Nordhordland! Tilsette i Lindås kommune byr (til dei grader) på seg sjølv i eit internt stunt.
Filma og redigert av Christer Steffensen

Gniar'n

Knallbra musikkvideo / illustrasjon av Salhusvinskvetten sin song "Gniar'n"

Mr B the movie av Christer Steffensen og Co

Humoristisk Mafiafilm frå Frekhauggjeng med Christer Steffensen i spissen.

Christer Steffensen vann publikumsprisen

Christer Steffensen og teamet hans vann den prestisjetunge publikumsprisen under Amandusfestivalen 14.april. Publikum har stemt via NRK P3 Filmpolitiets sider. Christer var nominert med tre filmar i tre ulike kategoriar, men nådde ikkje heilt til topps hos jurien. Det var ein rørt og glad prisvinnar som mottok publikumsprisen. TV-NH gratulerer.

"Snøkulen" kan få publikumsprisen

"Snøkulen" kan stikke av med publikumsprisen under Amandusfestivalen på Lillehammer. Filmtalentet Christer Steffensen frå Frekhaug står bak kortfilmen som er med i filmkonkurransen for unge filmskapere.

Kortfilmen handlar om ei jente som vandrar rundt i restane på det som ein gong var vår verden. Alt handlar om å overleve. Ein dag finn den lille jenta ei snøkule som minner ho om den siste jula med familien. "Snøkulen" fokuserer på noko vakkert i ein ellers mørk og trist tilvære, og at eit godt minne kan gi nok styrke til å ikkje gi opp, uansett kor håplaust det ser ut.   

Sjå filmen og klikk for å stemme

Amandusfestivalen går av stabelen 12-14 april.  

Ung filmskapar

Christer Steffensens dokumentarfilm om Bjørn West hadde premiere 19.mars. Presse, familie og vennar var invitert til den første visninga av filmen.

Sjå Nordhordland frå lufta

Christer Steffensen heldt på med å lage ein dokumentar om Bjørn West. 14.januar Var Christer og Tv-Nordhordland på helikoptertur frå Bergen til Matre for å filme Matrefjella frå lufta. Heile turen dokumenterte me ved bruk av hjelmkamera, festa til utsida på helikopteret. i tilleg blei det gjort HD opptak frå 2 vanlege kamera. Her får du sjå heile den 1,5 timer lange turen i løpet av 15 minutt. På grunn av økt hastighet og videokomprimering er kvaliteten begrensa, men du får alikevel ei unik oversikt over distriktet vårt sett frå lufta (Det var også godt med turbulens:-).

God tur!

Syndiker innhold