Følg oss på FACEBOOK for oppdatert informasjon.

TV Nordhordland vert relansert til våren!

Brann

Hus vart totalskadd i brann

Eit bustadhus på Seim vart totalskada etter ein brann torsdags morgen. Ingen var i huset då det byrja å brenne. Les meir på nordhordland.no

Fekk huset øydelagt av brann

Søndag ettermiddag tok det fyr i kjøkkenvifta til May Eva Sandvik på Hjelmås. Brannen flytta seg via ventilator-systemet og opp på loftet. Huset fekk store skader. Om huset må byggjast heilt på nytt, er usikkert.  Politiet granska skadane i dag.  

Brann i bustadhus (mobilvideo)

Brannen vart meld til brannvesenet litt etter kl 15, søndag 23.januar.Brannen skal ha starta på kjøkkenet og spredd seg til andre delar av huset. Kl 16.55 brann det framleis i huset melder nordhordland.no Familien som bur i huset er redda ut.

Mobilvideo: Gro Anette Fanebust

Bil i brann starta skogbrann

Klokka 15.48 rykte brannvesen og politi ut etter å ha fått melding om at ein bil stod i brann på Holmeknappen i Meland kommune:

- Brannen har spreidd seg til skogen, og det knitrar frå straumleidningen over vegbana. BKK er derfor varsla, fortalde operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad.

Operasjonssentralen til politiet fekk fort kontakt med eigaren av bilen, som var på veg til Frekhaug då det tok til å brenna. Han skal ha kome seg uskadd ut frå bilen.

Klokka 16.13 var både bil- og skogbrannen sløkt. Bilen er utbrent og eit halvt mål av skogen skal vera svidd av. Årsaka til brannen er uklar. Nordhordaland lensmannsdistrikt vil etterforska saka.

(Kjelde: NRK Hordaland)

Kontorbrakker totalt utbrend

Lindås og Meland Brannvern fekk melding om brann hjå Meland pukk ved 18 tida i ettermiddag. Mannskapa var på plass kl 1816, men kunne ikkje redde kontorbrakkene frå å bli totalskadd. Ingen personar vart skadd i brannen.

Brann på Frekhaug Stål (Ny)

Like før kl.15.30 i ettermiddag blei det meldt om brann på Frekhaug Stål. Det rauk kraftig frå verksemda sitt ventilasjonsanlegg. Brannvernet rykka ut med alt tilgjengeleg mannskap.

Storutrykking til liten brann

Les meir om hendinga på nordhordland.no

Industribygg totalskadd i brann

Betongindustri AS i Modalen brann ned til grunnen, onsdag kveld, 12.mai. Dagleg leiar Audun Eidsnes, seier til bt.no at han mistenker at brannen kan ha starta i forbindelse med eit sikringsskap. Brannårsaka er ikkje klarlagt i følge Brannsjef i Lindås og Meland, Gjert Holtan.

Det er 13 ansatte ved bedrifta. Brannen skal ikkje ha ført til personskadar.

Brann på Shell i Knarvik

Det braut ut brann på lageret hos Shell Select i Knarvik 6.januar. Brannmannskap frå Lindås og Meland, samt Åsane var raskt på staden og fekk sløkt brannen i løpet av kort tid. Brannen starta truleg i eit teknisk rom inne på lageret.

Syndiker innhold