Følg oss på FACEBOOK for oppdatert informasjon.

TV Nordhordland vert relansert til våren!

Flatøy skule

Siste dag på Flatøy skule

Onsdag 23.juni er den aller siste dagen for elevane på Flatøy skule. Tysdag pakka dei ned bøker for no skal skulen tømmast. Til hausten skal elevar og lærarar begynne på Sagstad skule, ingen ønskjesituasjon i følge Harald Helgesen som har vore lærar på Flatøy i 17 år.

Manglande dokument i sakshandsaminga

I følge FAU leiar Vibecke Samuelsen, har ikkje alle dokumenta i saken blitt sendt til fylkesmannen, i forbindelse med handsaming av nedleggingsvedtaket av Flatøy skule. Blant anna har advokatvurderingar mm, ikkje fulgt med sakspapira. "Ein trist dag for Flatøy" seier ho.

Les meir på www.nordhordland.no

Flatøy-nedlegging godkjend

Fylkesmannen i Hordaland godkjente 3.mai nedleggingsvedtaket av Flatøy skule. Rektor ved skulen, Espen Storstrand håpa på i det lengste at fylkesmannen skulle konkludere annerledes, og synes det er ein trist dag. Vedtaket kom alikevel ikkje som ein overraskelse.

Fakkeltog for Flatøy skule

Bygdefolket på Flatøy gjekk i fakkeltog rundt skulen, i håp om å påverka politikarane til å la skulen leva. Markeringa var i regi av kvinne- og familielaget, FAU og bygdelaget på Flatøy.

Syndiker innhold