Følg oss på FACEBOOK for oppdatert informasjon.

TV Nordhordland vert relansert til våren!

Meland

Sagstad GÃ¥rd - Tine

Presentasjon av gårdsbruket til Camilla og Helge Henanger på Sagstad i Meland.

Nordhordland - Bjarte Leithaug

Bildeserie av Erlend Spurkeland, til sangen "Nordhordland" av Bjarte Leithaug fra CD-en "Dingle med beina" med Astrid og Bjarte Leithaug.

Flyging over Meland

FPV Fly over Meland med kamera under flykroppen.

Den usynlege elva

Ei samling TimeLapse videoar over elvene av luft, vatn, skyer, trafikk som flyt omkring oss. Når ein aukar hastigheten på ting, kan det vera morro å sjå graset gro.

Haust i Meland

Haustlege stemningsbilder frå Meland.

From Nordhordland with Love

Filmen «From Nordhordland with love» er meint til å skapa merksemd om Nordhordland som region, på ein humoristisk, fartsfylt og underhaldande måte.

Gjelds-rap

Ungdomsskuleelevane frå Rossland John Dias Minde Mæstad, Anders Hestdal, Tuva Åserud og Miriam Ypsøy laga ein sjølvskriven rap og musikkvideo i samband med gjeldsrådgjevingsprosjekt på skulen.

Mann omkom i motorsykkelulykke

Ein 42 år gamal mann omkom i ei motorsykkelulykke på Skintveit i Meland. Politiet fekk melding om ulykka kl 18.35. Både politi, ambulanse og luftambulanse kom raskt til staden, men livet til motorsyklisten sto ikkje til å redde.

Motorsyklisten har komt frå Rossland i retning Frekhaug og har kollidert med hestehengaren til ein møtande bil. Ulykka skjedde i begynnelsen av ein skarp sving i 80 sona.

kl 20 starta mannskap frå vegvesenet og politietaten dei tekniske undersøkingane. Vegen vil verte stengd til arbeidet er ferdig.

Ingen i den møtande bilen vart fysisk skada.

Flott turområdet ser ut som ei bossdynge

Fleire turgåarar på veg til Håøytoppen har reagert på at det flotte turområdet no ser ut som ein svinesti. Boss flyt rundt nede ved strandsona i Eidevika og bossekkar med boss ligg nede ved sjøen. Det har også blitt observert sprøyter med innhold av blod og ymse.
 
Håøytoppen høyrer til Flatøy i Meland kommune, og er eit turområde som blir mykje brukt heile året. Skular i Meland har dugnad kvart år for å rydde badevika. Eidevika, derimot, har ikkje vore rydda på fleire år, seier Oddmund Dingen i Bergen og Omland Friluftsråd. Tidlegare har Flatøy grendelag hatt årleg ryddedugnad med hjelp frå Friluftsrådet, NGIR og Meland kommune, men dei siste åra har ingen tatt ansvar og bosset har hopa seg opp ved turstien til Håøytoppen.
 
Friluftsrådet lovar at dersom nokon tar initiativ til ein slik dugnadsdag, skal friluftsrådet bistå med hjelp. 

 

Syndiker innhold