Følg oss på FACEBOOK for oppdatert informasjon.

TV Nordhordland vert relansert til våren!

Tverrkyrkjeleg konfirmasjon

Klikk her for å starta
Tverrkyrkjeleg konfirmasjon

Publisert av Jon Ingar 27. april 2010 - 10:04

Det var stappfullt i storstova på Nordhordland Folkehøgskule då frikyrkjene i Nordhordland arrangerte konfirmasjon sist søndag, den 25. april. Dette er andre gongen det har vorte gjennomført ei slik felles undervisning. 15 konfirmantar har fulgt TENTRO-undervisninga sidan i fjor haust, og avslutta denne perioden med ei minnerik og verdig feiring på søndag. Anne Hilde Garnes Reigstad leia møtet, og Øystein Valde heldt dagens tale.

Idéen til å samarbeida om TENTRO kom for 2 år sidan på ei samling i Leiarforum, ei gruppe av kristne leiarar i Nordhordland som møtest 4 - 5 gonger i året til uformell samtale og bøn. Dei som det var mest aktuelt for, dei nærmaste åra, var Nordhordland Bibelsenter, Norkirken Nordhordland, husfellesskapet Sammen i tjeneste og Pinsemenighetene Betania Knarvik og Betel, Frekhaug. Desse danna straks ein komité som la planane og gjennomførte det første året, 2008 -2009. Terje Tofting, pastor i Nordhordland Bibelsenter, var administrativ leiar det første året, medan undervisninga blei fordelt på fleire i fem av dei deltakande menighetene. Forutan dei fem nemnde menighetene over stiller Lervåg Bedehus (DFEF), Lindås misjonsmenighet, Kristent Fellesskap Nordhordland, Frekhaug Bibelsenter og alle dei seks pinsemenighetene i distriktet seg bak TENTRO-samarbeidet.
Som nemnt har dei stått saman om undervisninga, men når det gjeld spørsmål der ein har ulik teologi, i praksis dåpen,overlet ein det til den undervisninga kvar menighet gjev utanfor TENTRO-samarbeidet.
Ein god grunn til samarbeidet er at dei  ser det som svært positivt å kunne samarbeida om noko som er ein så viktig del av alle menighetene sitt arbeid. Øystein Valde, som i ti år har hatt konfirmantane frå alle pinsemenighetene til undervisning i Knarvik, peikar også på at sjølv om pinsemenigheten samla med barn og vaksne har rundt 500 medlemmer i området, så har ein sett at talet på konformantar kan svinga frå  2 - 3 til over 10 dei enkelte åra. Eit slikt samarbeid vil sikra at gruppa er jamnare i storleik frå år til år. Ein tredje grunn til samarbeid er at dei unge ser at det kristne ungdomsmiljøet i distriktet samla sett er større enn dei visste frå før.

TENTRO er open for alle og det er ikkje krav til medlemskap.

 

Musikkvideoen, dei ansatte i Lindås kommune laga til si eiga fagsamling, har blitt ein youtubehit. Og 12.desember vart musikkvideoen toppsak på dagbladet.no.

Morgan Taule, som står bak prosjektet, seier til dagbladet.no at det var ei utfordring å få alle leiarane i kommunen til å bli med. Men til slutt stilte dei sporty opp, og resultatet kan du...

Ei kvinne vart send til legevakta, med lettare skader, etter ein kollisjon i krysset ved Shellstasjonen. Både helsepersonell, politi og brannvesen var raskt på staden. Personbilen skulle ut frå krysset ved Shellstasjonen og i retning rundkjøringa, medan lastebilen var på veg mot Ostereidet.

Begge køyretøya fekk store skader. Lastebilen var i...

Ein 42 år gamal mann omkom i ei motorsykkelulykke på Skintveit i Meland. Politiet fekk melding om ulykka kl 18.35. Både politi, ambulanse og luftambulanse kom raskt til staden, men livet til motorsyklisten sto ikkje til å redde.

Motorsyklisten har komt frå Rossland i retning Frekhaug og har kollidert med hestehengaren til ein møtande bil. Ulykka...

Fleire turgåarar på veg til Håøytoppen har reagert på at det flotte turområdet no ser ut som ein svinesti. Boss flyt rundt nede ved...

kvikktab2